Print this page
 
Vignett

Malende mystiker
c

av Trond Borgen

Helt siden debuten på Høstutstillingen i 1987 har Terje Meidell Skare vært en annerledes maler: Hans bilder ligner ikke på noen andre norske maleres – han skiller seg ut i enhver sammenheng med en distinkt personlig stil og et gåtefullt billedmessig innhold.

Hans nye utstilling i Haugesund Kunstforening er visuelt slående: Her er sterke farger og kontraster; her er merkelige vesener og besynderlige konstruksjoner; og her skjer ting som bare underbevisstheten kan være vitne til. Det er Skares styrke at han er i stand til å skape surrealistiske malerier uten at han blir en uforpliktende epigon – han etteraper ikke, men skaper sin egen billedverden hvor surrealismen ikke oppleves som en kunsthistorisk tvangstrøye, men heller som en frigjørende kraft.

Skare er alkymisten som leker med ilden: Han bringer sammen en mengde ulike elementer fra kunst- og kulturhistorien, fra egyptiske gravmalerier til mexicansk indianerkultur, fra drømmen om Arkadia til katolisismens ekstatiske kirkekunst, og videre til Freuds psykoanalyse. Noe av egenarten i disse maleriene er den særegne syntesen av alle disse ulike elementene, som gjør at de på én gang virker arkaiske og nåtidige. Flere av bildene rommer ilden også mer konkret, både som en kraft på lerretet og i titlene. Det skapes dermed rike assosiasjoner, ikke bare til alkymien, men også til destruktiv pinsel i Helvete, til rensende mulighet i Skjærsilden, og til Bibelens Hellige Ånd.

Slik forener Skare en materialistisk tolkning av tilværelsen med en åndelig; og resultatet er ofte ekstatiske visjoner, hinsides fornuften. Her er en overskridelse av det bevisste jeget – en alternativ form for erkjennelse som sprenger logikkens tvangstrøye. Den visjonære dimensjonen rommer også den fatale disharmonien, slik at Skare blir en malende mystiker: I sine bilder befinner han seg i et fascinerende skjæringspunkt mellom ekstasen og apokalypsen.

09.11.1994






----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Ein mystikar stiller ut


av Fridtjov Urdal

Debutanten Terje Meidell Skare har si første separat-utstilling i Fylkesgalleriet, og viser bilete med religiøs klangbotn, bilete som hyr inn til ei spennande reise gjennom bileta i seg sjølve, men òg gjennom kunsthistoria.

Det var som bilete i gamle bøker. Skyene på himmelen var skyene på tresnitt. Tre og former var forenkla, fargane intense og symbola anande. Duigt og mystisk, men likevel så underleg kjent. Det var nett som om ein hadde visst om det lenge, og at det hadde vore som ei visse bak i seg utan at ein hadde makta å kalle det fram, eller tore å gjere det.

Bilete som ein draum ein berre hugsar brotstykke av når ein vaknar, men som sit i ein som ei gnagande uvisse. Ein kjenner det i kroppen. Biletet som ein speleplass for det umedvitne.

Kanskje kan det tykkjast slik, og kunstnaren seier sjølv at han ofte opplever at figurane og formene har krav på å stå der han sjølv ofte ubevisst har festa dei, og at formene på si side ofte får si eiga røyst og talar tilbake.

Kvar går grensene mellom det medvitne og det umedvitne? Det er nok eit spørsmål sjåaren kan stille seg andsynes desse bileta. Skare brukar ei mengd symbol som nok er anande, dei fleste veit heller lite konkret om symbolet og figurane, men det verkar i høgste grad medvite.

Det gjer den tildels strenge komposisjonen, trass i at fleire av bileta har ein slags kollage-verknad, så heng det likevel saman. Det er svært lite som verkar tilfeldig i desse bileta. Det er òg mangt som bind dei til tidlegare tider, men det vil på ingen måte seie at dei er etterplaprande, det er meir som atterklangar frå tidlegare tider.

Heronimus Boch (1450-1516) er nok ein av dei som har inspirert, men òg kunstnarar frå vår eiga tid som Salvatore Dali og andre surrealistar har nok fått vere med og spele med.

Surrealismen får her hos Skare ein religiøs klangbotn. Det er forkynning og åtvaring i det. Slik som det òg var i bileta til dei gamle meistrar. Heronimus Boch laga sine halvmenneske og hybridar for å syne det vonde, djevelen. Skare nyttar seg av det samme tema.

Eg trur at i desse bileta finnast ei rad fortolkningsmåtar. Dei er religiøse, men ikkje nødvendigvis kristne i vår moderne tolking av ordet. Det er ei klar binding til tidleg kristen filosofi og religionsforståing.

Det eg tykkjer kjem til uttrykk i somme av bileta er ei sterkt refsande haldning til dei som har gjort religionen og det religiøse til eit maktmiddel, og på det viset teke Gud frå mennesket. Men ikkje alt er gudegitt. Mennesket har fått viljen og valet, og mennesket har eit tilhøve og eit ansvar andsynes seg sjølv og omverda. Han som speglar seg og trur at det bilete han får sjå er Gud: Er han Gud, eller er han berre eit individ med sjølvhøgtidlege tankar om seg sjølv?

Det er ei svært rik og manfaldig utstilling Skare har gjeve oss. Det å leite seg fram mellom figurar og symbol, kan vere ei spennande reise. Ikkje berre gjennom bileta, men òg gjennom kunsthistoria, for det er tydeleg at kunstnaren veit kva verkemidlar han brukar, sjølv om her er mange overraskande innfall innimellom.

Sjølv om det kan synast å vere svært så tungt og alvorleg, så er bileta langt frå fri for humor, og ikkje minst ironi. Og dei som får gjennomgå er dei sjølvopptekne, som ikke har evne eller vilje til anna enn å spegle seg sjølv i seg sjølv og vere evig nøgd med det. Såleis er dei refsande og forkynnande.

Det er den åtvarande profeten som talar for berget, og Skare vedkjenner seg sine røtter. Han har gjort tre attdiktingar over tre kvinneportrett. ”Ildbærer 1” er eit portrett fritt etter Roger van der Wieden (ca. 1460), ”Ildbærer 2” fritt etter Piero di Cosima (ca. 1477) og ”Ildbærer 3”, som er det mest interessante av dei alle, eit kvinneportrett fritt etter Pisanello. I det siste portrettet er det ei glød og ei kraft som ein sjeldan ser. Samstundes kan det verke som ei helsing og takk attende til dei gamle; eg har ikkje gløymt dykk, eg kva grunn eg står på.

Lyskrafta og kontrastane er artige i bileta til Skare. Det skarpe sollyset som fløymde inn i utstillingssalen makta ikkje å bleike gløden i bileta. Det skarpe dagslyset var nådelaust, men bileta bad ikkje om nåde og mjukt lys til å sveipe sine veikskapar i.

Om ein skulle nemne tre bilete framfor dei andre, må det vere ”Ildbærer 3”, ”Korsfestelse” og ”Strebebue”. Desse har på kvar sitt vis særlege måleriske og tematiske kvalitetar. Det er ikkje bilete som stryk ein med håra. Det er bilete som held tanken og forestillingane i arbeid lenge. Her er ikkje noko av den påklistra symbolbruken som somme brukar for å verke mystiske. Det er heile forskjellen, og den forskjellen er himmelvid.

Ei sterk og fengande utstilling viser debutanten Terje Meidell Skare i Fylkesgalleriet. Det er hans fyrste separatutstilling.

Firda, mai 1989.